Knoppskyting i Santa Fé
Vidars foreldre, Anny og Kaare, er nå på besøk hos oss i Santa Fé do Sul. Den siste tida vi har igjen her i Brasil (fram til 30. april) skal de være sammen med oss. Mye av dagene tilbringer vi i lag, men de har installert seg i egen leilighet rett borte i gata. "Ferieprosten" Kaare observerer og kommenterer, og lar her blog-leserne få del i siste nytt fra menighetsarbeidet:
"Tre veker med 36 grader kunne skremme livet av norske pensjonistar. Men frå våre første år på Vest-Madagaskar har Anny og eg likt den tørre varmen. Og når familien vår - Vidar, Eli og dei tre jentene - trivst i dette klimaet, er kvardagen berre god.
Det er haust, og naturmessig høver ordet knoppskyting ikkje godt. Men den lutherske kyrkjelyden i Santa Fé opplever nettopp det. Det er fem år sidan dei første her tok til å kalla seg lutherske kristne. Flokken har vokse i ”garasjekyrkja”, men det er enno eit godt stykke att til hundre. Likevel tek dei sjansen på knoppskyting. På hi sida av den breie elva, Paraná, ligg byen Aparecida do Taboado (namna her er verre enn på Madagaskar!). Der er 15000 menneske – ein by i rivande utvikling og med store moralske problem mellom dei unge. Dette har kyrkjelyden i Santa Fé teke som ei utfordring. Den mest aktive familien sa ja til å flytta med seg og sitt og byrja heilt på botnen. Nokon ville kalla det årelating, men her i kyrkjelyden er forventninga stor til knoppskytinga.
Vi fekk vere med på innviing og utsending i ei og same gudsteneste. Det må leggjast til at prestar vert dei ikkje desse to. Dertil er det formelle grunnlaget for svakt. Ingen av dei har noko bibelskule-kurs. Kva har dei då? Carlos avslutta for åtte år sidan 1 ½ år i fengsel - dømd for narkotikahandel og var rusmisbrukar. Vanusa har slite med fylgjene av overgrep og ein kaotisk barndom. Men dei
har granska Guds ord flittig og i den vesle kyrkjelyden har dei vokse til mogne kristne og brennande vitne. Dei er 36 og 33 år gamle, har tre born, - og bryt opp frå heimby, jobb og sosialt nettverk. Før dei bøygde kne og vart utsende, preika Vidar om Abraham som av Gud fekk marsjordre til ”det landet eg skal syna deg ... eg skal velsigna deg og du skal verta til velsigning!”. Her manglar ikkje perspektiv over handlinga! Denne gongen er staden ”Santa Fé” – som tyder ”i heilag tru”.
Eg spør Carlos om kven som i første omgang er målgruppa - eit typisk leiar-spørsmål frå Norge. Han veit kva han vil svare. ”Med vår bakgrunn har vi best sjanse til å kome i kontakt med vanskelegstilt ungdom. Det er mange av dei som spør etter hjelp. Narkotikaen fløymer og umoralen er uhyggjeleg daglegdags. Dei kjem ikkje ut av dette utan nåden – og ei tru som kan halda dei oppe”
Etter ein intens to vekers evangeliseringsaksjon med lutherske ungdomar frå ulike kantar av landet, har Carlos og Vanusa kontakt med åtti menneske. Dei fleste vil nok forsvinna etter kvart. Men dei arbeider no særleg med ein ungdomsgjeng på åtte gutar i 18-årsalderen. Det ser ut til at desse kan verte ein grunnstamme i den nye kyrkjelyden. Gjennom dei kan det og vere von om å nå andre. Men dei fleste av dei er arbeidslause – og rullebladet er som ein kriminalroman. Eg fekk møte to av dei ein kveld – og ser fram til å få høyre at dei er berebjelkar i kyrkjelyden!
Carlos og Vanusa har leigd eit høveleg hus i Aparecida, og eg fekk vere med på ein festleg flytte
dag. ”Kyrkje” skal dei ha i same huset inntil vidare – ut mot porten og berre med inste delen under tak. På frontveggen har dei hengt opp ein plakat med store bokstavar: ”Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!” Kanskje kjem det eit nake kors og ein dag. Men Frelsaren er alt på plass og i fullt arbeid -."
Kaare M.Bakke
"Tre veker med 36 grader kunne skremme livet av norske pensjonistar. Men frå våre første år på Vest-Madagaskar har Anny og eg likt den tørre varmen. Og når familien vår - Vidar, Eli og dei tre jentene - trivst i dette klimaet, er kvardagen berre god.
Det er haust, og naturmessig høver ordet knoppskyting ikkje godt. Men den lutherske kyrkjelyden i Santa Fé opplever nettopp det. Det er fem år sidan dei første her tok til å kalla seg lutherske kristne. Flokken har vokse i ”garasjekyrkja”, men det er enno eit godt stykke att til hundre. Likevel tek dei sjansen på knoppskyting. På hi sida av den breie elva, Paraná, ligg byen Aparecida do Taboado (namna her er verre enn på Madagaskar!). Der er 15000 menneske – ein by i rivande utvikling og med store moralske problem mellom dei unge. Dette har kyrkjelyden i Santa Fé teke som ei utfordring. Den mest aktive familien sa ja til å flytta med seg og sitt og byrja heilt på botnen. Nokon ville kalla det årelating, men her i kyrkjelyden er forventninga stor til knoppskytinga.
Vi fekk vere med på innviing og utsending i ei og same gudsteneste. Det må leggjast til at prestar vert dei ikkje desse to. Dertil er det formelle grunnlaget for svakt. Ingen av dei har noko bibelskule-kurs. Kva har dei då? Carlos avslutta for åtte år sidan 1 ½ år i fengsel - dømd for narkotikahandel og var rusmisbrukar. Vanusa har slite med fylgjene av overgrep og ein kaotisk barndom. Men dei
Eg spør Carlos om kven som i første omgang er målgruppa - eit typisk leiar-spørsmål frå Norge. Han veit kva han vil svare. ”Med vår bakgrunn har vi best sjanse til å kome i kontakt med vanskelegstilt ungdom. Det er mange av dei som spør etter hjelp. Narkotikaen fløymer og umoralen er uhyggjeleg daglegdags. Dei kjem ikkje ut av dette utan nåden – og ei tru som kan halda dei oppe”
Etter ein intens to vekers evangeliseringsaksjon med lutherske ungdomar frå ulike kantar av landet, har Carlos og Vanusa kontakt med åtti menneske. Dei fleste vil nok forsvinna etter kvart. Men dei arbeider no særleg med ein ungdomsgjeng på åtte gutar i 18-årsalderen. Det ser ut til at desse kan verte ein grunnstamme i den nye kyrkjelyden. Gjennom dei kan det og vere von om å nå andre. Men dei fleste av dei er arbeidslause – og rullebladet er som ein kriminalroman. Eg fekk møte to av dei ein kveld – og ser fram til å få høyre at dei er berebjelkar i kyrkjelyden!
Carlos og Vanusa har leigd eit høveleg hus i Aparecida, og eg fekk vere med på ein festleg flytte
Kaare M.Bakke
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home